Kunstkvalen



Mars 2026

Reisa går vidare til Fedje kommune.

Februar 2026

Kunstkvalen startar sin vestlandssturné i Øygarden kommune!

Kunstkvalen si historie

I 2017 vart verda rysta av nyheita om plastkvalen som dreiv i land – ein kval som hadde svelgt så store mengder plast at han døydde. Bileta og historiene som følgde rysta mange, og sette søkjelyset på ei veksande miljøkrise.

For kunstnaren Kristin Krogh Sissener vart denne hendinga eit vendepunkt. Nokre dagar etter nyheitene sat ho i atelieret sitt med penslane i handa – fylt av sterke kjensler. Utan å planleggje det, tok penselstrøka form, og eit nytt kunstverk vart til. Eit bilete av ein kval – ei kunstnarleg refleksjon av plastkvalen sin lagnad. Slik vart Kunstkvalen fødd.

Biletet vart hengjande i atelieret – heilt til ein dag då miljøentusiast Ove Gudding kom på besøk. Han vart straks gripen av uttrykket til Kunstkvalen og spurde om å få låne biletet til ei utstilling i samband med Hold Norge Rent-konferansen i Stavanger, der han sjølv skulle stille ut «Slurpen» (Portbin).

Ove bygde ein eigen stand med Kunstkvalen som midtpunkt (sjå bilete), og inviterte Kristin med på konferansen. Etter arrangementet ønskte han å kjøpe biletet, med mål om å auksjonere det bort til inntekt for plastrydding langs norskekysten.

Hausten 2025 kom Bjørn E. Sissener med ideen om å vise biletet til Kenneth Bruvik – kjend miljøforkjempar – for å utforske korleis Kunstkvalen kunne bidra endå meir. Møtet fann stad i lokala til Framtidshavet, der ein idédugnad tok form.
Kenneth hadde nyleg laga ein kval i nøttetre, skapt av rekved funnen under ein ryddeaksjon. Saman la dei tre planar for to nye prosjekt:

Vandrekvalen og Kunstkvalen

To symbol. To kunstverk. Éi felles hensikt:
Å skape engasjement og samle inn midlar til plastrydding.

Prosjekta er no i gang, og dei første midlane har allereie kome inn til Framtidshavet. Arbeidet med plastrydding er i full gang – og målet er å halde dette i gang i lang tid framover.