Rein Hardangerfjord

17. september 2026

Kva er Rein Hardangerfjord?

Rein Hardangerfjord er ein ryddedugnad der målet er å samle så mykje plast me klarar på ein dag langs heile Hardangerfjorden!

2026 blir jubileumsår, sidan dette er femte året på rad me arrangerer Rein Hardangerfjord! Så langt har me rydda til saman nesten 80 tonn plast frå fjorden - og meir skal det bli!

Har du lyst å vere med å bidra til ein reinare fjord?

Me gjer det me kan for å legge til rette for at du enkelt skal kunne delta på dugnaden i din kommune, og bidra til å halde fjorden rein!

Det er mange skuleklassar, idrettslag og arbeidsplassar som deltek som eigne lag, og nokre stader organiserer me offentlege dugnadslag du som enkeltperson kan melde deg på. Informasjon om din kommune finn du lenger nede på sida.

Korleis kan du bidra?

Alle kan vere med på Rein Sognefjord!
Les meir om korleis du kan bidra her:

Blir du med?

Trykk på knappen under, fyll ut og send inn, så tar me kontakt med deg!

Dette er ikkje ei bindande påmelding, berre eit interesseskjema :)

Finn din info for din kommune!

Her i kommuneoversikten finn du viktig info som gjeld din kommune, samt kontaktinfo til din kommunekontakt.

Kommunekontakten din er den personen som har kontroll på alt som er tilknytta Rein Hardangerfjord i din kommune, altså er dette din person å kontakte om du har spørsmål om korleis du eller ditt lag skal kunne bidra på dugnad!

Er du til dømes ryddeleiar for eit lag, er det kommunekontakten din som kan hjelpe med å finne ut av ting som kor du skal hente utstyr, kor din nærmaste container er, hjelpe med å få organisert transport og svare på andre spørsmål du måtte ha.

OBS! Ryddehanskane de får utdelt er ikkje eingongshanskar, dei er meint til gjenbruk. Gjerne ta vare på dei og bruk dei til eigne ryddeaksjonar elles i året!

Har du spørsmål om
Rein Hardangerfjord?

Eller kontakt oss:

Prosjektleiar Rein Hardangerfjord
Jostein Sydnes
E-post:
jostein@kulturkontoret.as

Prosjektmedansvarleg
Sabine Graeff
E-post:
sabine@kulturkontoret.as

Presse og media-ansvarleg
Ingvild Nordfonn
E-post:
ingvild@kulturkontoret.as

Rein Hardangerfjord er støtta av:

Agenda Vestlandet
Handelens Miljøfond
Sparebankstiftinga Hardanger
Miljødirektoratet - Senter mot marin forsøpling
Klaveness Stiftelsen