Rein Sognefjord
10. september 2026
Blir du med?
Trykk på knappen under, fyll ut og send inn, så tar me kontakt med deg!
Dette er ikkje ei bindande påmelding, berre eit interesseskjema :)
Kva er Rein Sognefjord?
Rein Sognefjord er ein stor, felles ryddeaksjon der me samlar folk frå heile regionen for å rydde plast og marint avfall langs den vakre Sognefjorden – på éin og same dag. Målet er enkelt: å ta vare på naturen vår og etterlate fjorden reinare enn før.
Sidan oppstarten i 2024 har engasjementet vore stort. Gjennom aksjonane i 2024 og 2025 har frivillige saman fjerna nær 50 tonn avfall frå fjorden og områda rundt. Det viser kva me kan få til når me stiller opp i lag!
Rein Sognefjord er for alle. Skuleklassar, idrettslag og arbeidsplassar deltek som eigne lag, og fleire stader blir det arrangert opne dugnadar der du kan bli med – enten åleine eller saman med andre. Her er det plass til alle som vil gjere ein forskjell.
Neste ryddeaksjon er 10. september 2026 – bli med og gjer ein innsats for fjorden!
Korleis kan du bidra?
Alle kan vere med på Rein Sognefjord!
Les meir om korleis du kan bidra her:
-
For å kunne leggje til rette for offentlege aksjonar i kvar kommune, det vil sei ein aksjon som kven som helst kan melde seg på, treng me frivillige ryddeleiarar som kan ta ansvar for å leie ei ryddegruppe.
Di oppgåve som ryddeleiar er å hente hanskar og bossekkar til ryddelaget på avtalt stad, sørgje for at bosset hamnar i riktig container etter dugnaden, og sjå til at dei frivillige i ryddelaget ditt har det fint under aksjonen. Ei kjekk, sosial, og lavterskel men viktig oppgåve! -
Dersom du har lyst å delta som frivillig utan å ha ekstra ansvar for å hente utstyr og slikt, kan du melde deg på ein offentleg aksjon i din kommune.
Me gjer vårt beste for å få nok ryddeleiarar til å arrangere offentlege aksjonar i kvar kommune, men det er ikkje alltid det går.
Dersom du har lyst å vere med, men ikkje har eit eige lag og det ikkje er offentleg aksjon i din kommune, er det berre å ta kontakt med oss, så finn me ei løysning. -
Mange av aksjonane under Rein Fjord vert utført av eigne lag, det vil sei skuleklassar, idrettslag, ein gjeng frå arbeidsplassen, vennegjengar osv., som melder seg på som ei gruppe.
Har du eit lag eller ein gjeng du har lyst å ha ryddeaksjon ilag med? Då er det berre å melde seg på, så bestiller me sekkar og hanskar til dykk! -
Me treng óg sjåførar i både bil og båt som kan frakte folk til ryddeaksjonane og boss til containarane.
Har du lyst å bidra med transport eller anna logistikk?
Send ein mail til
christine@framtidshavet.no
Finn info for din kommune!
Her i kommuneoversikta finn du viktig info som gjeld din kommune, samt kontaktinfo til din kommunekontakt.
Kommunekontakten din er den personen som har kontroll på alt som er tilknytta Rein Sognefjord i din kommune, altså er dette din person å kontakte om du har spørsmål om korleis du eller ditt lag skal kunne bidra på dugnad!
Er du til dømes ryddeleiar for eit lag, er det kommunekontakten din som kan hjelpe med å finne ut av ting som kor du skal hente utstyr, kor din nærmaste container er, hjelpe med å få organisert transport og svare på andre spørsmål du måtte ha.
-
Kommunekontakt:
Kaia Standal Moen
E-post: kaja.standal.moen@autland.kommune.no
Container i Aurland finn du her:Onstadvegen 5
Brekkevegen 2
Hanskar og sekkar kan du hente her:
Kommunehuset
Adresse: Vangen 1, 5745
-
Kommunekontakt:
Maren Daae Eide
E-post: maren.daae.eide@gulen.kommune.no
Container i Gulen finn du her:Julevika
Adresse: Gulafjordvegen 631, v/Circle KEivindvik
Adresse: Eivindvikveien 1119, v/Prestekaia.
Hanskar og sekkar kan du hente her:
Kommunehuset
Adresse: Eivindvikvegen 1119
-
Kommunekontakt:
Linnéa Holsen Meier
E-post: Linnea.Holsen.Meier@hyllestad.kommune.no
Container i Hyllestad finn du her:Sørbøvåg
Adresse: Åfjordvegen 894Leirvik
Adresse: Bøfjordvegen 98
Hanskar og sekkar kan du hente her:Kommunehuset
Adresse: Lifjordvegen 7
-
Kommunekontakt:
Jeanette Wølke Friis Walsvik
E-post: Jeanette.Wolke.Friis.Walsvik@hoyanger.kommune.no
Container i Høyanger finn du her:Dalevegen
Adresse: Dalevegen 4BSørsidevegen
Adresse: Sørsidevegen 36
Hanskar og sekkar kan du hente her:Kommunehuset
Adresse: August Gunnarskogs gate 1Joker Bjordal
-
Kommunekontakt:
Jan-Kristoffer Landro
E-post: jan-kristoffer.landro@luster.kommune.noContainer i Luster finn du her:
Gaupne
Adresse: Gaupnegrandane 5Park i Skjolden
Hanskar og sekkar kan du hente her:Kommunehuset
Adresse: Rådhusvegen 1, Gaupne
-
Kommunekontakt:
Trine Grøttebø
E-post: trine.grottebo@laerdal.kommune.noContainer i Lærdal finn du her:
Lærdal ferjekai
Adresse: Habnavegen 1
Hanskar og sekkar kan du hente her:Kommunehuset
Adresse: Øyraplassen 7
-
Kommunekontakt:
Marianne Ovrid
E-post: marianne.ovrid@sogndal.kommune.noContainer i Sogndal finn du her:
Bryggjegota, Dampskipkaien
Fjærland ferjekai
Holmen, Balestrand kai
Kaupanger ferjekai
Adresse: Kaupangsvegen 65Leikanger
Adresse: Riverdalen 5
Hanskar og sekkar kan du hente her:Kommunehuset i Sogndal, Inngyggjartorget
-
Kommunekontakt:
Andrea Kjellvang
E-post: Andrea.Ramsrud.Kjellvang@solund.kommune.noContainer i Solund finn du her:
Hardbakke
Adresse: Hardbakke 26Hjønnevåg
Adresse: Nordrevågen 16
Hanskar og sekkar kan du hente her:Kommunehuset
Adresse: Hardbakke 26
-
Kommunekontakt:
Ole Petter Ramberg
E-post: ole.petter.ramberg@vik.kommune.no
Container i Vik finn du her:Sentrum
Adresse: Sentrumsgata 1Vik
Adresse: ÅdlaneFresvik
Adresse:
Storevegen 29Vangsnes
Adresse: Vangsnesvegen - Monken
Hanskar og sekkar kan du hente her:
Industrivegen 15
-
Kommunekontakt:
Stine Ohrvik
E-post: Stine.Ohrvik@ardal.kommune.noContainer i Årdal finn du her:
Årdalstangen
Adresse: Kaivegen 2
Hanskar og sekkar kan du hente her:Årdal
Adresse: Statsråd Evensensveg 4
Har du spørsmål om Rein Sognefjord?
Kontakt oss:
Prosjektleiar Rein Sognefjord
Christine Molvik
E-post: christine@framtidshavet.no
Presse og media-ansvarleg
Ingvild Nordfonn
E-post: ingvild@kulturkontoret.as
Rein Sognefjord er støtta av:
Agenda Vestlandet
Handelens Miljøfond
Sparebankstiftinga Sogn og fjordane
Miljødirektoratet - Senter mot marin forsøpling
Klaveness Stiftelsen