Rein Hardangerfjord
17. september 2026
Blir du med?
Trykk på knappen under, fyll ut og send inn, så tar me kontakt med deg!
Dette er ikkje ei bindande påmelding, berre eit interesseskjema :)
Kva er Rein Hardangerfjord?
Rein Hardangerfjord er ein ryddedugnad der målet er å samle så mykje plast me klarar på ein dag langs heile Hardangerfjorden!
2026 blir jubileumsår, sidan dette er femte året på rad me arrangerer Rein Hardangerfjord! Så langt har me rydda til saman nesten 80 tonn plast frå fjorden - og meir skal det bli!
Har du lyst å vere med å bidra til ein reinare fjord?
Me gjer det me kan for å legge til rette for at du enkelt skal kunne delta på dugnaden i din kommune, og bidra til å halde fjorden rein!
Det er mange skuleklassar, idrettslag og arbeidsplassar som deltek som eigne lag, og nokre stader organiserer me offentlege dugnadslag du som enkeltperson kan melde deg på. Informasjon om din kommune finn du lenger nede på sida.
Korleis kan du bidra?
Alle kan vere med på Rein Hardangerfjord!
Les meir om korleis du kan bidra her:
-
For å kunne leggje til rette for offentlege aksjonar i kvar kommune, det vil sei ein aksjon som kven som helst kan melde seg på, treng me frivillige ryddeleiarar som kan ta ansvar for å leie ei ryddegruppe.
Di oppgåve som ryddeleiar er å hente hanskar og bossekkar til ryddelaget på avtalt stad, sørgje for at bosset hamnar i riktig container etter dugnaden, og sjå til at dei frivillige i ryddelaget ditt har det fint under aksjonen. Ei kjekk, sosial, og lavterskel men viktig oppgåve! -
Dersom du har lyst å delta som frivillig utan å ha ekstra ansvar for å hente utstyr og slikt, kan du melde deg på ein offentleg aksjon i din kommune.
Me gjer vårt beste for å få nok ryddeleiarar til å arrangere offentlege aksjonar i kvar kommune, men det er ikkje alltid det går.
Dersom du har lyst å vere med, men ikkje har eit eige lag og det ikkje er offentleg aksjon i din kommune, er det berre å ta kontakt med oss, så finn me ei løysning. -
Mange av aksjonane under Rein Fjord vert utført av eigne lag, det vil sei skuleklassar, idrettslag, ein gjeng frå arbeidsplassen, vennegjengar osv., som melder seg på som ei gruppe.
Har du eit lag eller ein gjeng du har lyst å ha ryddeaksjon ilag med? Då er det berre å melde seg på, så bestiller me sekkar og hanskar til dykk! -
Me treng óg sjåførar i både bil og båt som kan frakte folk til ryddeaksjonane og boss til containarane.
Har du lyst å bidra med transport eller anna logistikk?
Send ein mail til
sabine@kulturkontoret.as
Finn din info for din kommune!
Her i kommuneoversikta finn du viktig info som gjeld din kommune, samt kontaktinfo til din kommunekontakt.
Kommunekontakten din er den personen som har kontroll på alt som er tilknytta Rein Hardangerfjord i din kommune, altså er dette din person å kontakte om du har spørsmål om korleis du eller ditt lag skal kunne bidra på dugnad!
Er du til dømes ryddeleiar for eit lag, er det kommunekontakten din som kan hjelpe med å finne ut av ting som kor du skal hente utstyr, kor din nærmaste container er, hjelpe med å få organisert transport og svare på andre spørsmål du måtte ha.
OBS! Ryddehanskane de får utdelt er ikkje eingongshanskar, dei er meint til gjenbruk. Gjerne ta vare på dei og bruk dei til eigne ryddeaksjonar elles i året!
-
Kommunekontakt:
Margrethe Utkilen
E-post: margrethe.utkilen@austevoll.kommune.no
Container finn du her:
Kleivhaugen 2, 5392 StorebøSekker og hanskar kan du hente her:
Birkelandsvegen 2, 5392 Storebø -
Kommunekontakt:
Katrine Strand Sæterbø
E-post: katrine.strand.saeterbo@bomlo.kommune.no
Container finn du her:
Kjosavegen 20, 5430 SvortlandSekker og hanskar kan du hente her:
Leirdalen 1, 5430 Bremnes -
Kommunekontakt:
Ivar Ulgenes
E-post: ivar.ulgenes@eidfjord.kommune.noContainer finn du her:
Simadalen
Adesse: Simadal næringspark 25 (Hardanger Sand og Kompost)Coop Prix Eidfjord (nedsida)
Adesse: Ostangvegen 11
Sekkar og hanskar kan du hente her:
Kommunehuset
Adresse: Simadalsvegen 1
-
Offentleg aksjon:
Etne Turlag
Måndag 14. september kl. 16.00
På Vannes
Info og påmelding: etne.turlag@dnt.noKommunekontakt:
Erik Kvalheim
E-post: erik.kvalheim@etne.kommune.noContainer finn du her:
Etne
Adresse: Stadionvegen 4Skånevik Skule
Adresse: Mila Allè 9
Sekker og hanskar kan du hente her:
Etne
Midlertidig kommunehus
Adresse: Holmavegen 24Skånevik
Krambua Bensin og Storkiosk
Adesse: Strondavegen 2694
-
Kommunekontakt:
Anette Hvidevold
E-post: anevhi@fitjar.kommune.noContainer finn du her:
Teknisk bygg Aarskog
Adeesse: Sandvikvågvegen 40
Sekker og hanskar kan du hente her:
Kommunehuset Fitjar
Adresse: Sjøsbrekko 1
-
Kommunekontakt:
Jan Tjosås
E-post: jatj@kvam.kommune.noContainer finn du her:
Norheimsund
Adresse: Haugamyrvegen 30
Sekker og hanskar kan du hente her:
Grovagjelet 16 -
Kommunekontakt:
Bente Nilsen
E-post: bente.nilsen@kvinnherad.kommune.noContainer finn du her:
Husnes
Adresse: Opsangervegen 69Dimmelsvik
Adresse: Vikjo 38Halsnøy
Halsnøy kloster
Adresse: Eidsnesvegen 63Rosendal
Rosendal Bubil
Adresse: Skålafjøro 1
Sekkar og hanskar kan du hente her:
Kvinnherad frivilligsentral
Avd. Husnes: Lonavegen 3, 5460 Husnes
Avd. Rosendal: Øyro 24, 5470 Rosendal
-
Kommunekontakt:
Jostein Sydnes
E-post: jostein@kulturkontoret.asContainer finn du her:
Rommetveit Båtlag
Sævarhagen
Sekkar og hanskar kan du hente her:
Kulturhuset
Adresse: Hamnegata 1
-
Offentleg aksjon:
Torsdagsturen, Flakkavåg/Espevik. Torsdag 17. september kl. 09.30.
Espevik kai.Kommunekontakt:
Bente Raknes
E-post: bente.raknes@tysnes.kommune.noContainer finn du her:
Gjerstad
Hønsaholmen, parkering Tysnes båthamnOnarheim
Los Fjord
Adresse: Espevikvegen 28
Sekker og hanskar kan du hente her:
Frivilligsentralen, Kommunehuset, Uggdal.
Adresse: Uggdalsvegen 301
-
Kommunekontakt:
Hjalmar Heimvik
E-post: hjalmar.heimvik@ullensvang.kommune.noContainer finn du her:
Odda kai
Adresse: Almerket 30Driftsbase veg og park
Adresse: Fjordavegen 4245Kinsarvik kai
Adresse: Kinsarvikvegen 36AJondal kai
Sekker og hanskar kan du hente her:
Kommunehuset Ullensvang
Adresse: Hjøllovegen 10
-
Kommunekontakt:
Lars Præstiin
E-post: lars.prestiin@ulvik.kommune.noContainer finn du her:
Tymbernesvegen 9
Sekker og hanskar kan du hente her:
Skeiesvegen 3 -
Kommunekontakt:
Lina Hamre
E-post: lina.hamre@voss.herad.noContainer finn du her:
Granvin kai
Eidesvegen 45
Sekker og hanskar kan du hente her:
Granvin barne- og ungdomsskule
Adresse: Hardangervegen 2543
Har du spørsmål om
Rein Hardangerfjord?
Eller kontakt oss:
Prosjektleiar Rein Hardangerfjord
Jostein Sydnes
E-post: jostein@kulturkontoret.as
Prosjektmedansvarleg
Sabine Graeff
E-post: sabine@kulturkontoret.as
Presse og media-ansvarleg
Ingvild Nordfonn
E-post: ingvild@kulturkontoret.as
Rein Hardangerfjord er støtta av:
Agenda Vestlandet
Handelens Miljøfond
Sparebankstiftinga Hardanger
Miljødirektoratet - Senter mot marin forsøpling
Klaveness Stiftelsen