Følg Vandrekvalens reise!
Om Vandrekvalen
I januar 2017 stranda ein gåsenebbkval på Vindenes på Sotra. Den hadde magen full av plast, og måtte avlivast.
Kvalen vekka mange kjensler både her heime og internasjonalt, og gjorde oss alle merksamme på at plastproblemet er blitt for stort til at me kan ignorere det lenger. Plastkvalen var inspirasjonen for stiftinga av Framtidshavet, som dei siste åra har arrangert store plastryddeaksjonar i Hardangerfjorden og Sognefjorden.
Stiftar av Framtidshavet, Kenneth Bruvik, er også skaparen av det som no har blitt Vandrekvalen. Den er laga for hand, av eit stykke drivved av valnøtt som vart funne i fjæra under ein ryddeaksjon.
No skal vandrekvalen ut i verda og besøke små og store bedrifter og organisasjonar, og målet med reisa er å auke fokuset på berekraft og få oss til å tenkje på kva vi kan gjere for å redusere plast i naturen.
Det følgjer eit ansvar med kvalen. Den skal inspirere sine husvertar til å ha ekstra fokus og iverksette tiltak for å gjere si drift meir miljøbevisst. Forhåpentlegvis skal inspirasjonen halde fram lenge etter kvalen reiser vidare til neste bedrift.
Vandrekvalens reise startar på Sotra, der plastkvalen endte si reise. Kor reisa går veit me framleis ikkje, men me veit at den kjem tilbake til vestlandet i 2030, til Ocean Decade i Bergen.
Håpet er at den etterlatar seg eit langt spor av endringar og ringar i vatnet som vil inspirere endå fleire til å gjere litt meir for å ta vare på det fantastiske havet vårt og naturen som vi alle er heilt avhengige av for å leve.